Kristina Farstad Bjørdal: akkordeon/trekkspill
Carl Petter Opsahl: klarinetter
Hei, og velkomen til heimesida til Bjørdal & Opsahl. Vi er ein duo som spelar tradisjonsmusikk frå Møre og Romsdal. Kristina er frå Tennfjord i Møre og Romsdal, og er oppvaksen midt i det geografiske området der folkeminnesamlaren Knut Didriksen Stafset (1836-1916) verka. Han levde i ei musikalsk brytningstid og fekk samla inn dei gamle tonane i området rundt Stette på Sunnmøre, og bevart dei for ettertida. I tillegg til å vere engasjert i folkemusikken, er ho ein svært allsidig musikar som har fordjupa seg i alt frå samtidsmusikk til trekkspelsvisker.
Carl Petter har eit heilt anna opphav. Han er ein musikalsk reisande som byrja si ferd i New Orleans i USA. Ferda bringa han vidare til Gudbrandsdalen og læretid hjå felespelaren Aslak Brimi. Med sans for vakre melodiar, drivande danserytmer og leiken improvisasjon leverar Bjørdal & Opsahl musikken fra Stafset, Magnhild Almhjell og andre av tradisjonsberarabe i Møre og Romsdal ut til nye lyttarar.
På denne sida byr vi på smakebitar av vår musikk, held deg oppdatert på konsertar og andre prosjekt. Følg oss gjerne også på sosiale mediar 🙂
